Fron historielag informerer:
Fron historielag kan gleda alle medlemmar og andre med lokalhistorisk interesse at vi har gått inn i samarbeid med Dølen. Styret i laget legg ned medlemsbladet og vil i framtida nytta denne sida i Dølen til å informera medlemmane sine. Dette vil gje oss høve til å informera med nyare stoff og koma ut til eit breiare publikum.
Nytt frå styret:
Årets slektsgranskingsdag vert halde i kulturhuset Banken på Lillehammer laurdag 28/10, 10.00 – 15.00. Ta kontakt for nærare opplysningar.
Historielaget har motteke arv på kr. 5.000,- frå dødsbuet til Georg Olaus Megaarden og fått støtte frå Sparebanken 1 på kr. 1500,-.
Elles er årboka Fronsbygdin 2006 ferdig og vert lagt ut for sal i desse dagar. Styret takkar redaktørane Ivar Myrstad og Rasmus Stauri for godt arbeid, og ber folk alt nå om å tenkja på nytt stoff til ny årbok neste år.
Eit stort tiltak som styret har starta opp med i seinare tid er biletarkiv. Rundt i bygda ligg det tusenvis av bilete, som har, og etter kvart får lokalhistorisk verdi. Styret har vore så heldige å få Vegar Skar frå Sør-Fron til å byrja med dette arbeidet. Vegar har teke på seg å ta imot bilete frå Fronsbygdene, scanna dei inn på data, gje kvart bilete ei forklarande tekst og arkivera dei for ettertida. Dette er eit formidabelt arbeid, som ein aldri kan bli ferdig med, men arbeidet er i alle fall i gang. Styret har i samarbeid med Vegar set opp 10 punkt, som må overhaldast for at arkiveringa skal skje på ein god, trygg og rett måte. I stutte trekk går dette ut på at folk leverer bileta til Vegar(adresse og telefon over) med alle opplysningar dei kjenner til. Vidare må eigar av bileta godkjenna at historielaget arkiverar kopi og får rett til å bruka dei seinare. Eigar får sjølvsagt originalane attende i tillegg til ein cd med biletfilene på. Bilete med ukjente personar/ukjent område kan bli teke inn i Dølen og forsøkt oppklara.