Fron historielag informerer:
Fron historielag kan gleda alle medlemmar og andre med lokalhistorisk interesse at vi har gått inn i samarbeid med Dølen. Styret i laget legg ned medlemsbladet og vil i framtida nytta denne sida ein gong i månaden til å informera medlemmane sine. Dette vil gje oss høve til å koma ut med nytt stoff til både medlemmar og eit breiare publikum på ein lettvint måte. I denne samanhengen skal vi presentera historielaget, kven dei er, kva dei gjer og kva dei kan gjera. Dette vil kanskje gjera at du som les dette fattar interesse og vil bli ein aktiv medlem hjå oss.
Styret i laget er dette: Anders Haugen - leiar, Sigrid Bergseth – nestleiar, Jon Wistad – kasserar, Rønnaug Hvattum – sekretær, Pål Kjorstad, Sigrun Midtlin, Kjell Brustuen og Ellen Steberg – alle styremedlemmar. Vi driv med bl.a. slektsgransking, oversetting av kyrkjebøker og andre eldre dokumenter, kurs i lesing av gotisk skrift, arkeologi, vedlikehald av bygdatunet, markdagar med utflukt til historiske stader, utgjeving av årbok og nå i seinare tid har vi starta eit biletarkiv.
Rundt i bygda ligg det tusenvis av bilete, som har, og etter kvart får lokalhistorisk verdi. Styret har vore så heldige å få Vegar Skar frå Sør-Fron til å byrja arbeidet med biletarkivet. Vegar har teke på seg å ta imot bilete frå Fronsbygdene, scanna dei inn på data, gje kvart bilete ei forklarande tekst og arkivera dei for ettertida. Styret vil presisera at Fron historielag dekker heile Fron og vonar at Vegar får bilete frå alle grender i Fronsbygdene. Dette vil samstundes føra til at bileta i Dølen òg vil koma frå alle kantar av Fron.
Det kom inn mange reaksjonar på bileta sist. På klassebildet mangla det eit namn, det var Arne Heimlund, som stod mellom Per Bakken og Terje Fevolden i bakre rekke. Bilete som skulle vera frå Zoar på Sør-Fron viste seg å vera Frelsesarmeen i Ringebu, der lesarane har gjeve oss namna på alle personane.