Fron historielag informerer

Fron historielag arrangerte årsmøte sitt på Samvirkelagskafèen i Skåbu 19/4 2007. Det vart sett opp buss frå Frya. Møte vart opna av leiar Anders Haugen, som til opning fekk hjelp av Skåbu spelmannslag til å spela nokre leikar. Pål Kjorstad fortsette årsmøtet med minneord etter æresmedlem Ola Rolstad, som gjekk bort den 20/3 2007. Han tok for seg stutte glimt i medlemshistoria til Ola og nemnte særleg at han hadde vore tillitsvald i laget i 30 år, alle år som kasserar, nokre år som sekretær og nokre år som nestformann. Av mange saker var det reisinga av bygdatunet og bokverka om gards- og slektshistorie på Fron, som hadde vore dei mest interessante sakene Ola hadde vore med på. Fron historielag fekk minnegåve på kr. 7600,-, som vart gjeve ved gravferda til Ola. Til slutt reiste årsmøtedeltakarane seg og minna Ola med 1 minutt stille stund i takksemd for arbeidet han hadde lagt ned for lokalhistoria på Fron. Dei vanlege årsmøtesakene gjekk greit unna. Både årsmelding og rekneskap vart godkjente og alle på val vart attvalde. Dermed held heile det gamle styret fram som før med Anders Haugen som leiar. Så vart det servert rundstykker, suppe og kaffe. Deretter tok Hans Hysjulien forsamlinga med på eit historisk tilbakeblikk i Skåbu. Hovudemna var jernvinna, fangst og busetnad. Det kom fram som forslag om at laget burde ta ein markdag til eit fangstanlegg for rein i sommar. Til slutt synte Vegar Skar oss dømer frå biletarkivet til laget. Forsamlinga vart ivrige da fleire kjente personar og plassar kom fram på skjermen. Årsmeldinga for laget for 2006 finn døkk her.

Aktivitetane i sommar vert som i fjor; minimarkdagar. Det var for det meste godt frammøte på desse dagane, der lokalkjente folk tok deltakarane med på ein sommarkveldstur på 3-4 timar. Vi håpar dette kan bli ein tradisjon der fleire og eit breiare lag av folket kan bli kjent bl.a. i nærområdet sitt. Vi har planar om desse turområda/turtema i sommar: Skodal, Vinstra, Lomsetra, Laugen, Pilgrimsvegen og Skåbu. Det vil koma utfyllande stoff og program både på denne sida og på heimesida vår.

Bileta våre er populære og for å avslutta sagaen om personen på bilete med Heidalsmuen i bakgrunnen, så reknar eg med at alle personane som har sagt at det er Even Skreden vi ser har rett. Av bileta sist takker eg Anna Rikje frå Snertingdalen som kjente att mor si, Gudrun Graffer, fremst på bilete av alle damene ved Frøningsheimen, dei andre har det ikkje kome inn noko forslag på. Brudebilete sist vart fort løyst: Brurfolket var Oddrun f. Taraldhagen og Kristian Berget, som gifta seg den 19/8 1941. Dei var eigentleg gausdøler, men busette seg i Saksumdalen. Grunn til at bilete var på Fron var at Kristian var son til Olga Sveinsdtr. Walquist, som gifta seg 29/5 1914 med Olav Kristiansen Sønstegaardeiet i Svatsum. Vi takkar Oddvar Berget, Ringebu, Kjellaug Weslum, Skåbu, Oskar Wahlquist, Skåbu og Per Fredriksen, Kvam for hjelp og opplysningar om slekta. Alle bileta som har vore på denne sida i Dølen kan døkk finna på heimesida vår, der nye opplysningar om bileta vert lagt ut.

HOVUDSIDE              MEDLEMSBLAD