Markdagar i sommar
Aktivitetane i sommar vert som i fjor; minimarkdagar. Det var for det meste godt frammøte på desse dagane, der lokalkjente folk tok deltakarane med på ein sommarkveldstur på 3-4 timar. Vi håpar dette kan bli ein tradisjon der fleire, og eit breiare lag av folket kan få styrka lokalkunnskapen sin. Vi har nå planane klare for julimånaden:
Tysdag 3/7: Sør-Fron, frå Prestmoen til Odenrud
Frammøte på Flatmoen idrettsplass kl. 18.30, der Hans Odenrud vil ta oss med i lokalområdet sitt og syna oss ymse. Turen vil gå frå Flatmoen, nedover til Prestmoen, oppover langs Laugen til Odenrud og attende til Flatmoen att. Smakebitar på turen vert:
Kvar er vi og kva ser vi nå? Dette er fordelen med ein lokal guide.
Ymse fornminner langs ruta som spor etter gamle kverner, rydningsrøyser og vegar.
Vi ser Klinkenberg, skytebane i bygda i 60 år og steinbrot til kyrkjebygginga vår.
Ofsen i 1789 vil få ei sentral rolle på turen. Vi får sjå flom-merker, få oppleva kor dramatisk landskapet endra seg her og læra eit nytt namn for mange: "Oroshåmmårn".
Vi vil òg få læra meir om garden og historia til Odenrud.
Vidare har Hans ein godbit til på turen: Geir Paulsrud har lova å hjelpa til med lokalkunnskapane sine.
Kort referat frå turen:
Turen vart helde i godt ver med truande skyar utan nedbør og 26 frammøtte. Turen gjekk nedover der fyrste stopp var ved øvre Prestmoen og neste ved nedre Prestmoen. Ved båe var Eivind Bergseth kjentmann. Vidare gjekk turen til Odenmoen der bl.a.Tor Hage kunne visa oss flommerket etter Ofsen i 1789. Hans Odenrud tok oss vidare oppover og nordover til Odenrud og viste oss eit "nydyrka" jorde på garden. Like etter gjekk oss forbi ein gamal husmannsplass med namnet "Barikmoen". Neste mål var "Oroshåmmår'n" ned ved Laugen. Dette var ein bergspall som stakk ut i Laugen utanfor vollen til Odenrud, og etter det vi såg ein fin fiskeplass. Her kunne vi sjå godt både burti "Spenningsroa" (Nordre Lia) og deler av Øverbygda. På denne plassen vart det ein kaffitår og litt biteti. Så gjekk turen oppover til husa på Odenrud, og vidare bortover til Kvikstadåa der tuftene etter 2 kvernhus var synlege. Turen vart offisielt avslutta i hamninga til Odenrud på oppsida av "Bakk'åkeren", der Geir Paulsrud synte oss gamle rydningsrøyser etter eldgamal åkerdyrking.
Tysdag 17/7: Sør-Fron, pilgrimsvegen med sidespor frå Prestgarden til Jensbakken
Frammøte på Jensbakken kl. 18.30, der vi sett att nokre bilar og køyrer saman til Midtbygda skule. Vi vil følgja vegen frå Prestgardshamninga, til gamle Listadkyrkja, Stokke, Brandrud og ned til Jensbakken. Pål Kjorstad vil ha hovudansvaret for turen, men får hjelp frå "Pilgrimsvegsjefen" sjølv i bygda Knut Kjorstad og "Historievegsjefen" Geir Paulsrud. Dette vil vera ei fin anledning til å bli betre kjent i dette spesielle kulturlandskapet og ikkje minst vil Knut og Geir læra oss litt om gamle vegar og ferdselsårer.
Kort referat frå turen:
Tysdagen kom med regn og atter regn, så på eftasleia var det nok mange som tenkte at dette vart det ikkje noko av. Men ved Jensbakken kl. 18.30 stod det likevel 14 håpefulle inkludert 2 frå Gausdal klar til start. Turen gjekk til Midtbygda skule, der Pål Kjorstad ønskte velkome med å fortelja om området dei stod i, og dvelte særleg ved namnet Skiplum, eit av 4 gardsnamn, som Prestgarden er ein del av. Neste stopp var øvst i Prestgardshamninga der Geir Paulsrud synte forsamlinga spor etter mellomaldervegen gjennom bygda, noko han forklara med forhold på Steig og Listadkyrkja. Knut Kjorstad las nokre velvalgte liner frå Knut Hamsun, som illustrerte korleis vegane vart til i gamal tid. Geir synte oss òg 2 gravhaugar tett ved vegen i tillegg til dei to Pål nemnte på grunnen til Gardlaus. Så gjekk turen via ein liten stopp utanfor vegen ned til Prestgarden, der vi såg spor etter ein annan veg, til område der dei to kyrkjene på Listad stod. Pål forklarte at den eldste stod fram til 1616 da ny kyrkje vart oppsett att like ved. Diverre er det ingen i dag som kan seia kvar desse kyrkjene stod, men det finns kjelder til å lokalisera den siste kyrkja. I saman meinte forsamlinga at den eldste kyrkja stod i området ved det oppreiste korset, mens den siste kyrkja nok stod lenger nede på grunnen til uppigard Listad, nærare Olavskjelda. Bortover Listadhamninga gjekk vi etter ein låg mur utpå brestet, noko som Geir tolka som ein gamal vegtrasè. Rett opp for uppigard Listad forklarte Pål om gardsnamna rundt omkring og fortalte sagnet om trollkjerringa Ulvhild/Ullveig som kasta stein på Listadkyrja og vart grave ned der den store bautasteinen står i tunet på uppigard Listad i dag. Så gjekk ferda til Stokke etter ei snøgg regnskur med tilhørande kaffi under nokre store tre i Østgårdshamninga. Pål forklarte om namna på Stokke og Brandrud og nemnte at det ikkje berre var ei gardgrense mellom Listad og Stokke, men òg ei grendagrense. Synna Stokke viste Gudbrand Stokke oss murane etter Vetl-Stokke eller Lille Stokke. Ein nokså stor husmannsplass, som òg etter tradisjon seinare vart brukt som føderådsbruk til Stokke. I tunet på Stokke vart vi bedne inn for å sjå malerarbeidet etter Even Knudsen Sulengshaugen, noko forsamlinga sette stor pris på. I tillegg vart vi imponert over alt arbeidet som var gjort for å restaurera og få fram att dette, da alt etter det Gudbrand visste vart overmåla(!) sist på 1800-talet. Største overraskinga på turen var ein gravhaug og spor etter ein veg på utsida av vegen mellom Stokke og Brandrud. Vel forbi passerte oss ein nyoppdaga bautastein utan forklaring i Brandrudshamninga og fekk forklart av Pål at desse gardane var sett høgt i verdi, eit prov på dette var at slekter som Rik-Erland Tofte-slekta og Forbrigsdynastiet i si tid gifta seg inn her. Kvelden vart avslutta ved brua over Augla.frå 1832, mura av ein frå Isum. Geir forklarte at slike bygging av slike bruer vart utlyst på anbud og at lokale gardbrukarar ofte tok på seg dette. Så var klokka godt over 22 og vi takka for turen.
Tysdag 31/7: Nord-Fron, seterstulen Lomsetra.
Frammøte ved Midt-Dalssetra kl. 18.30, der Kjellaug Dahlen vil ta i mot oss og syna fram seterstulen med mange setrer og ikkje minst det store nybrotsfeltet som Lomsetra er kjent for. Kjellaug kan sjå tilbake på eit langt liv på setra og kan sikkert meir enn dei fleste fortelja historia til denne seterstulen.
Vi vil òg minne om att det på alle markdagane våre er sett av tid til eit lite måltid, så ta med litt mat og drikke på turen.
Fron historielag vil ønskja døkk alle god sommar og velkome til markvandringane våre!
Spørsmål om turane eller skyss? Ta kontakt med ein i styret!