Årsmelding for Fron historielag 2007.
Årsmøte i Fron historielag vart halde på Samvirkelagskafeen i Skåbu, den 19. april 2007.
Det var sett opp buss frå Hundorp. Det møtte 23 medlemmer.
Møte vart åpna med tradisjonsmusikk av Skåbu Spelmannslag.
Pål Kjorstad les så minneord over Ola Rolstad, æresmedlem som hadde gått bort siste året.
Årsmeldinga var framlagd utan merknad. Likeeins vart rekneskapen framlagd og godkjent.
Val til styret; På val var Pål Kjorstad, Kjell Brustuen, Jon Wistad og Sigrid Bergseth. Alle tok attval.
Varafolk; Det vart attval på Torbjørg Sandvik, Stig Bredeveien, Marit Skoe Kvålen og Hans Hysjulien.
I Bygdetunet tok Sverre Melgard attval. Ny for Arne Dypdalen vart Bjørnar Byrløkken
Varafolk; Attval på Anders Nustad, ny for Bjørnar Byrløkken vart Kåre Tveit.
Revisorar; Attval Helge Pettersen, og Geir Haverstad.
Ny i valnemnda for Johan Stokke vart Knut Tvete, vara Astri B. Søberg
Leiar for laget, Anders Haugen vart attvald for eit år.
Etter dette vart styret for laget;
Leiar Anders Haugen
Nestleiar Sigrid Bergseth
Kasserar Jon Wistad
Sekretær Rønnaug Hvattum
Web. ansvarleg Pål Kjorstad,
Styremedl. Sigrun Midtlin, Kjell Brustuen og Ellen Steberg.
Bygdetun-nemnda; Johannes Brandvol, Sverre Melgård, Ingolf Bjerkehagen, Bjørner Byrløkken
Kommunevalte; Jon Silli frå N.Fron og Anders Tvete S.Fron.
Styrearbeid; Det har vore halde 5 styremøter. Da det var ein del svikt i kontingent innbetalingane siste året, vart det i år utsendt purring. Medlemstalet vart etter dette 360 medlemmer.
Arve Skurdal skrytte av det økonomiske resultatet og etterlyste ny bokutgivelse.
Styre har gjort avtale med ei gruppe med Hans Odenrud som leiar, om støtte til utgivelse av bok om innmarksnavn i Sør-Fron. Gruppa har knytt til seg Gard Espeland som konsulent. Han har stor erfaring i slikt arbeid. Han har så stor interesse av arbeide at han vil gjera det gratis. Det er lagt ned stort arbeide med innsamling av matriale. Styre ser fram til at boka blir ferdig da dette er eit nybrotsarbeide.
Styre har som langsiktig mål å rette å omarbeide Garder og slekter slik at det blant anna blir fyldigare omtale av husmenn og husmannsbruk. Det er mange som har store slektsbaser på edb. som kan nyttast ved eit slikt arbeide. Transkriberinga av tingbøkene vil og gje mange nye opplysningar om folk og historie i Fron. Eit eige bind om utvandring kunne også vore ønskeleg.
.
Desse har hatt ansvaret for;
Transskribering av tingbøker; Sigrun Midlien
Digitalisering av klokkerbøker; Sigrid Bergseth.
Tur og underhaldingsansvarleg, Ellen Steberg.
Boksalg ansvarleg; Kjell Brustuen.
Årbok Fronsbygdin 2007; Den femte årgangen av årboka vart som vanleg ferdig til 1.november. Den var som før trykt i eit opplag på 1500 stk. Den vart som før om åra godt motteken og har selt godt. Vil få takke redaktørane Ivar Myrstad og Rasmus Stauri, og alle andre som har delteke i arbeidet.
Arbeide med Fronsbygdin nr. 6 er godt i gang. Ivar Myrstad ynskte å trekkje seg som redaktør. Som ny har Per Ottesen teke på seg arbeide for eit år.
Scanning av gamle bilder;
Vegar Skar har også i år gjort eit stort arbeide med bevaring av gamle bilder digitalt. Han har nå ca. 10000 bilder i basen.Kyrkjebøkene/ klokkerbøker for Fron; Vi er i gang med digitalisering av klokkerbøkene for Fron.
Martha Bjerke har skrivi av klokkerbøkene for S.Fron 1816-1930 på BD 87. Dette er nå klart til korrekturlesing. I år har arbeide gått litt tregt. Ragnhild Kjorstad og Jon Wistad er ferdige med dåpsfila frå 1900 til 1914 for Sødorp, Kvikne og Kvam. Magnar Wistad er ferdig med viede i Kvikne frå 1884 til 1914
Dersom det er nokon av medlemmane som vil vera med på arbeide, meld frå til styret.
Transkribering av tingbøkene frå 1662
; Knut Tvete leier arbeide. Gruppa har kome langt med fyrste heftet- frå 1662 til 1679- som snart er ferdig til trykkingen.Medlemsblad har vi fortsett samarbeide med Dølen der vi har ei side til disposisjon kvar gong det er fulldistribusjon av bladet.
Markvandring; Vi har i år også hatt mini markvandring. Prestmoen til Odenrud v/Hans Odenrud.
Tjodvegen gjennom S.Fron v/Pål Kjorstad Knut Kjorstad og Geir Paulsen. Seterstulen Lomsetra v/Kjellaug Dalen og Anders Haugen. Vinstra sentrum v/Per Ottesen og Toralf Pedersen. Ein kan lesa om nokre av turane på heimesida til laget.
Bygdatunet; Også i år har intresserte lærarar frå barehage og barneskule teke med klassene sine til omvisning på bygdatunet. Dette er alltid trivelege besøk, og som regel er det kjøring av sag og kvern som vekkjer størst interesse. Vi har også kjørt saga for andre grupper. I juni hadde Nedre Sødorp grendelag ein triveleg festkveld på bygdatunet.
I år har vi fått planert og kjørt på masse ned for smia, slik at arealet her kan rakast og klyppast saman med resten av tunet.
Bygdatunet fekk i vinter ein del gamal smiredskap frå Skurdals kunstsmie. Dette er verifulle ting som naturleg hører heime i smia. Takk til Jan Skurdal. Og takk til Rotary for vårpuss, og til uteseksjonen frå Nord-Fron kommune for plenpuss seinare på sumaren.
Som siste post på årsmøte helt Hans Hysjulien eit intressant foredrag om det gamle Skåbu, medan Vegar Skar synte fram fleire bilete frå den etterkvart store biletsamlinga til Fron historielag.
Historielaget vil få takke alle som har støtta oss med pengar og gratis arbeide gjennom året.
Sakliste for årsmøte i Fron historielag den 3. april 2008
1. Innkalling og sakliste- godkjenning.
2. Årsmelding for 2007.
3. Rekneskap for 2007.
4. Val.
5. Innkomne saker til årsmøte.
Eventuelt.
Styret